mosti_skilt2.jpg (8292 bytes) Ei vandring i natur og kultur Attende til oversyn

12. MOVATNET, STRANDSONE OG KULTURLANDSKAP


mostiminikart12.gif (18743 bytes)

 

 

 

 

mosti10.JPG (15524 bytes)Ein glitrande innsjø, ein brusande bekk - vatn i naturen gjev landskapet liv. Vatn og vassdrag forsterkar naturopplevinga og aukar gleda ved avkopling og friluftsliv.

VÅTMARK
Våtmark omfattar bekker, dammar, tjern, sumpskog, myrar, innsjøar, elvar, delta, strandenger, grunne bukter og vikar. Kva rolle har slike våtmarker og ein innsjø som Movatnet ?
Få naturtypar på jorda er så varierte, artsrike og produktive som våtmarkene. Her finn vi eit høgt biologisk mangfald. Vi har gode høve til å studere dette artsmangfaldet ved å observere artar eller spor etter dei, lytte til fuglesong eller gjere prøvefiske. Vi kan også henge opp rugekasser og lage hekkeflåte for andefuglar.
Visste du at eit meisepar med ungar årleg set til livs 75 kg insekt. Småfuglane blir difor gode hjelparar for å halde skadeinsekt borte.

VATNET
Mennesket treng store mengder reint ferskvatn i hushald og industri. Movatnet blir også brukt til vatning av jordbruksareal, fiskeproduksjon; skulen sitt eige klekkeri, og til produksjon av elektrisk kraft. Det går avløpstunnel frå Mo kraftverk (42 m.o.h.) og ut i vatnet.
Vassdrag kan fjerne forureining på ein rimeleg og effektiv måte. Vi seier at vatnet er resipient, det vil seie mottakar av forureining, men blir det for mykje næringsstoff i innsjøane, kan dei med tida gro igjen. Movatnet har god gjennomstrøyming av vatnet og dette gjer det mindre utsett for ei slik utvikling.
Andre roller innsjøar, myr og sumpområde har, er å hjelpe til med å minske flomverknader og utgjere ein vassreserve i tørkeperiodar. Dei dempar temperaturvariasjonar gjennom døgeret og året sidan det tek lenger tid å forandre temperatur i vatn enn i luft.
Elvar, bekker, dammar og innsjøar aukar variasjonen og mogelegheit for aktiv bruk av kulturlandskapet. Ta deg ein symje- eller kanotur eller prøv skeiseisen på vinteren.
Ved vatnet flyg fossekallen lågt over elveoset og stuper ned i vatnet på jakt etter driv og insekt. Stokkand, kvinand og toppand duppar på overflata og plutseleg manøvrerer oteren seg rundt etter aure som sjølv leitar etter vårfluge. Om auren ikkje går i garnet då


Sunnfjord Museum, Movika, 6800 Førde.
Tlf. +47 57 72 12 20. Fax +47 57 72 12 29.
Kontaktperson: Gunnhild Systad