
Man burde huske på
at mygga er dreng
at kråka holder reint
Huske
ingen ting er uten hensikt
alle har sin gjerning
sin bestemmelse
Livet
skrive i luft med pust
risse med handa i vann
|
KVA ER ØKOLOGISK LANDBRUK
Økologisk landbruk byggjer på eit natursyn der menneske og natur utgjer ein heilskap.
Ein nyttar mest mogleg garden sine eigne ressursar for å produsere rein og trygg mat. Ein
brukar ikkje organismar med forandra arvestoff, sprøytemiddel eller kunstgjødsel, fordi
mange av desse stoffa uroar og øydelegg den naturlege balansen i jorda. Grøderikdomen i
jorda blir tatt vare på gjennom allsidig drift, organisk gjødsel og vekstskifte, samt
ved å nytte belgvekstar (erteplanter som kløver) og kompost som næring til
jorda. Vidare legg ein stor vekt på at dyra skal ha det godt, og å ta vare på
artsrikdommen og det biologiske mangfaldet.
Omgrepet "økologisk landbruk" er lovbeskytta og varer kan ikkje seljast som
økologiske utan at regelverket er oppfylt, og produksjonen kontrollert og godkjent.ØKOHAGEN PÅ MO
Økohagen på Mo starta i 1982, og er i dag 8 dekar stor. Hagen er fråskild drifta på Mo
med leplanting i nordaust, natursti i nordvest og driftsveg i søraustleg retning. Det er
viktig med eit fysisk skilje mot resten av garden for at det skal vere i samsvar med
regelverket for økologisk drift.
Hagen har eit allsidig vekstskifte med grønsaker, poteter, korn, grønfôr og eng. I
tillegg er det litt bær og krydder. Vekstskifte er å veksle mellom vekstar som gir
næring til jorda og vekstar som tærer på næringsinnhaldet i jorda. Eit vekstskifte er
også viktig for å hindre sjukdomsangrep og for å redusere ugrasmengda i åkeren.
Mikroorganismar og meitemark er viktige samarbeidspartnarar i den økologiske drifta,
difor brukar vi husdyrgjødsel, kompost og grøngjødsling som næringskjelde til
plantane. Grøngjødsling er å plante belgvekstar som samlar nitrogen frå lufta. Ein
brukar lette maskiner for å unngå jordpakking, noko som øydelegg den mikrobiologiske
prosessen i jorda.
I hovudsak blir det dyrka grønsaker som gulrot, lauk, salat, kinakål, blomkål, brokkoli
og sommarkål. Dei potetsortane som blir dyrka er sterke mot tørråteangrep. Av korn blir
det dyrka haustrug, haustkveite, havre og bygg. Kornet vert hausta inn med sjølvbindar,
treska med treskeverk, tørka og male på ei lita kornkvern.
I sesongen kan du få kjøpt økologiske varer i utsalet ved gartneriet.
Ø-MERKE
Ø-merket er internasjonalt godkjenningsmerke for økologiske produkt.
Når du handlar varer som har Ø-merke, er det ein garanti for at vara er produsert i
samsvar med reglane for økologisk drift. |