![]() |
Ei vandring i natur og kultur | Attende til oversyn |
10. LAUVSKOG |
|
|
Lauvskog finn vi i heile fylket, frå ute ved kysten og opp til snaufjellet.
Lauvskogen var det fyrste som innvandra landet vårt etter sist istid for ca. 10.000 år
sidan. Fyrst kom nokre artar av vier, seinare kom dvergbjørk og vanleg bjørk. Mange lauvtre er det vi kallar pionertreslag. Det vil seie at det vanlegvis er eit lauvtreslag som kjem fyrst når vi har fått ei lysing i skogen eller når eit beite ikkje blir nytta til beite meir. Dei fleste lauvtrea krev nemleg mykje lys. Nokre tåler skugge i ungdommen men blir meir lyskrevjande etter kvart som dei veks til. Det er difor oftast lyst og lett å gå i ein gamal lauvskog. Lauvtrea feller blada kvar haust, og det fører til meir næringsrik jord enn i barskogen. Når blada legg seg på bakken blir dei etter kvart til jord, og næringsstoffa blir frigitt slik at plantene i området kan gjere seg nytte av dei. Blada verkar altså som gjødsel på skogbotnen. I den næringsrike jorda trivst mange planter og dyr og vi finn eit rikare dyreliv her enn i barskogen. Lauvtre er eigna til å fyre med, og sjølv i dag kan sal av hogd ved utgjere ei kjærkoma tilleggsinntekt på gardane. I Fjærland, rundt 1910, utgjorde sal av ved til Bergen hovudinntekta på mange bruk. Elles har lauvtrea hatt stor verdi som emne til reiskapar, som fôr til dyra, eller som virke i skipsindustrien. I dag ser vi ein viss renessanse når det gjeld verdsetjing av lauvtrea som spesialvirke til dømes til innvendig panel, kjøkkeninnreiing og møblar. Nokre har treskjering som hobby, eller har behov for treskaft til heimelaga knivar og alle har vel laga og spelt på seljefløyte. Naturleg veks det omlag 20 lauvtreslag i fylket vårt. Vi deler ofte lauvskogen inn i to typar, vanleg lauvskog og edellauvskog. Lauvskogen har ofte ulike treslag som gråor, selje, hegg, bjørk, rogn og innslag av osp. Til edellauvtrea høyrer lauvtre med krav til høg temperatur. Dette gjeld eik, lønn, alm, ask, lind, hassel, svartor og bøk. |
Sunnfjord Museum,
Movika, 6800 Førde. |
|