mosti_skilt2.jpg (8292 bytes) Ei vandring i natur og kultur Attende til oversyn

8. MYR


mostiminikart08.gif (18686 bytes)

Kjenner du korleis føtene forsvinn når du trakkar på myra?
Myra er ei blanding av eit tjern og ein mosegrodd skogbotn.

Myrane våre er som eit historisk arkiv. Dei kan fortelje oss om utviklinga av landskapet fordi plante- og beinrestar frå  ulike tider i historia nærast ligg bevart urørt i myra. Blomestøv, frø, kongler og trestammer som ligg i ulike lag nedover i myra, fortel   kva slag plantar som har vakse på staden opp gjennom historia. Restar av dyr fortel kva slag dyr som fanst i dei ulike periodane. På den måten fortel myra også kva slag klima det har vore.

KORLEIS VERT DET MYR
Myr vert det når ein får eit overskot av vatn i jorda, slik at nedbrytinga av daude plantar går langsamt. Oksygenet i lufta som må til i nedbrytinga manglar. Det gjer at myra veks og blir litt tjukkare kvart år.

TORVMOSE
Den mest vanlege mosen på myra er torvmose. Torvmose veks i høgda. Det vert danna nye "loftshøgder" medan "kjellaren" etter kvart vert til torv.
Torvlaget hadde høg verdi før i tida. Då vart det brukt til brensel, strø i stall og fjøs og tettingsmateriale i tømmerhus. I dag blir torva blanda i blomsterjord som blir seld i posar i butikken.
Torvmose er bakteriedrepande (antiseptisk) og kan brukast til lækjing av sår.

 

 


Sunnfjord Museum, Movika, 6800 Førde.
Tlf. +47 57 72 12 20. Fax +47 57 72 12 29.
Kontaktperson: Gunnhild Systad