Skogsdrift har alltid vore viktig for fylket vårt. Alt i
vikingtida blei det selt tømmer til utlandet. På 1500-talet fekk vi dei fyrste
vassdrivne sagbruka som la grunnlag for stort sal av trelast til England og andre land i
Europa. Her i området blei Mo-saga starta hundre år seinare.
På 1950-talet begynte ei storstilt planting av gran. Industribedrifta A/S Borregaard i
Østfold finansierte ein del av denne plantinga. Både i Jølster og i Førde har vi difor
skogar vi kallar for "Borregaardskog". PLUKKHOGST
Plukkhogst er når tre over eit visst minstemål blir hogd. Dette var den dominerande
hogstforma fram mot 1900-talet. Det blei gjort lite for å få opp ny skog etter hogsten
på denne tida, noko som gjorde at skogen blei utarma og dei største og beste trea
forsvann.
BESTANDSHOGST
Eit bestand er ei samling tre av nokolunde same alder og storleik. For å sikre at det
voks opp att ny skog blei det i fyrste halvdel av vårt hundreår innført
bestandsskogbruk. Det vil seie at alle trea i eit område av skogen vart hogd, ikkje berre
einskilde tre, og det vart lagt til rette for at ny skog kom opp att. Vanlegast er det å
plante nye tre når vi høgg dei gamle, men skogsarbeidaren kan også setje att einskilde
tre som vil frø seg slik at ny skog veks til. Dette blir kalla frøstillingshogst
og er vanleg i furuskogar. I granskogar derimot er planting det vanlegaste.
Det er viktig å avgrense storleiken av hogstflata, og å lage den avlang i staden for
firkanta eller rund. Då blir ikkje hogstflata eit så stort hinder for dyra.
BIOLOGISK MANGFALD
Skogbruket har eit stort ansvar når det gjeld å ta vare på mangfaldet av plantar, sopp,
lav, dyr og insekt (biologisk mangfald) i skogen, og det er viktig at lauvtrea blir
ståande att. Særleg viktige er beiteplantar som selje, osp, rogn og bjørk. Døde og
døyande tre er og viktige for mange fugleartar.
ØKONOMISK VERDI
I Sogn og Fjordane er resultatet av skogplantinga at vi i dag har dobbelt så mykje skog
som vi hadde for 100 år sida. Vi høgg omlag det vi kan av gran, men vi kan hogge mykje
meir furu. Resultatet av skogreisinga gjer at det må hoggast meir skog i åra
framover om vi skal utnytte den økonomiske ressursen skogen utgjer for ein grunneigar.