![]() |
Ei vandring i natur og kultur | Attende til oversyn |
6. FURUSKOG |
|
![]() Har
du sett røsslyng her ?
|
Furua kom til landet frå 9000-7500 år sidan. Den finst i heile fylket, frå
øyane i Solund til høgfjellet i indre Sogn, der den veks opp til ca. 900 meter over
havet. Furua veks i nesten allslag jordbotn, men utviklar seg best på middels næringsrik
jord og med mykje lys. Særleg når furua er ung veks den raskt. Det seiest at furua vrir
seg mot venstre som ung og mot høgre som gamal.Furu er eit viktig beitetre for storfugl som tiur og røy. Om vinteren, når bakken er dekt med snø, er furunålene den einaste tilgjengelege maten for desse hønsefuglane. Furua kan bli 700 til 800 år gammal, men blir som regel hogd når den er 150 til 200 år. Kjernen i furustokken er ved som er full av kvae og er derfor sjølv- impregnert. Difor blir dette kalla kjerneved eller alved. Dersom vi kuttar toppen av furua nokre år før den skal fellast, blir heile stokken alved. Stokken er då sjølvimpregnert og kan nyttast til huskledning, leikeapparat og anna materiale som må tole mykje vatn. Ved denne metoden slepp vi å nytte kunstig impregnerte materialar som inneheld giftstoff. I gamal tid var furua eit høgt verdsett treslag som vart nytta til husbygging, båtbygging og ulike reiskapar. I dag blir furu også brukt til stolpar, møblar og som råstoff i produksjon av papir. |
Sunnfjord Museum,
Movika, 6800 Førde. |
|