![]() |
Ei vandring i natur og kultur | Attende til oversyn |
5. HJORTEJAKT |
|
![]()
Den som er kommet bort fra naturen Nils Aslak Valkeapää
|
Den måten
skogbruket har vore drive på sidan 1950-tallet, har gjeve dei fleste dyra gode
levevilkår, med nok beiteplanter. Hjortestamma er i dag solid og livskraftig i vårt
distrikt og det kan bli skote store mengder av den kvart år.I dei seinare åra har jaktutbyttet for storvilt og småvilt til saman i Noreg vore nok til å dekke forbruket av kjøt i eit år for meir enn 150.000 menneske. Sogn og Fjordane er det største hjortefylket, her blir det felt over 8000 hjortar kvart år (1998) og talet vil truleg auke. Jakt er viktig for å halde hjortestamma i samsvar med beitegrunnlaget i skogen. Når vi reduserer hjortestamma, reduserer vi omfanget av beiteskader på skog og innmark, samtidig minskar faren for samanstøyt mellom hjort og bil på vegane våre. I området Moskog er det også sett opp gjerde som skal leie hjorten til å krysse vegen på faste stader slik at ulykker blir unngått. Jakta gir utbyte i form av kjøt og inntekter til grunneigar, i tillegg er hjortejakta ein viktig sosial faktor for grunneigarane i mange bygdelag. Hjortejakta kan gjerast på ulike vis. Dei tre vanlegaste måtane er: Drivjakt, når skyttarane er plassert på postar rundt i terrenget mens andre jagar hjorten mot postane. Ofte er ein hund til god hjelp i denne jakta. Ved smygjakt smyg du deg innpå hjorten ute i skogen. Bøjakt er når du skyt hjort som beitar på bøen, eller innmarka |
Sunnfjord Museum,
Movika, 6800 Førde. |
|