![]() |
Ei vandring i natur og kultur | Attende til oversyn |
4. STØLSDRIFT |
|
![]() Siste dagen i fjellet Så var det
slutt. Ein sommar til var gått, Vi hadde
gjort oss ferdige og tok på veg, Eg reiv i
farten nokre blåbær opp og åt. Halldis Moren Vesaas |
Utnytting av utmark og fjell til beite og forhausting har vore ein viktig del av
driftsforma i norsk jordbruk heilt fram til midten av 1900-talet. Stølsdrifta det
at folk og dyr flytta til fjells i sommarhalvåret var ein del av denne
driftsforma.Ser ein Vestlandet under eitt, er det i hovudsak to stølssystem som har vore rådande fullseterbruket og mjølkeseterbruket. Med fullseterbruk meinest at det var folk på stølen heile sommaren, og at stølsprodukta vart tilverka på stølen. Med mjølkeseterbruk meiner ein at folk gjekk opp og ned til stølen for å mjølke kvar dag, og at størstedelen av tilverkinga føregjekk heime på garden. Sunnfjordbygdene ligg i grenseområdet mellom desse systema. Dei indre bygdene har stort sett hatt fullseterbruk, medan dei ytre har hatt mjølkeseterbruk. Fleire stader har ein og funne ei blanding av dei to systema. Etter siste verdskrigen har det vore ei gradvis omlegging frå eit allsidig utmarksbruk til ei meir einsidig satsing på den oppdyrka innmarka. Den tradisjonelle stølsdrifta har minka i takt med denne utviklinga. Diverre er det i dag fleire og fleire av desse bygningsmiljøa i fjellet som får forfalle. Dette er ofte bygningsmiljø med høg verneverdi fordi dei syner ei viktig side av arbeids- og kulturhistoria vår. BUDEIA STØLANE I DAG Mange har gode minne frå eit besøk på stølen, anten det er ein skitur i påska eller ein telt-tur om sommaren. |
Sunnfjord Museum,
Movika, 6800 Førde. |
|