mosti_skilt2.jpg (8292 bytes) Ei vandring i natur og kultur Attende til oversyn

3. EINER


mostiminikart03.gif (18793 bytes)

"Den beste bogen får du om du nyttar sprake"

 

mosti_einebær.jpg (5775 bytes)Einer har frå gamalt av vore nytta på mange måtar. Blanding av einer og kokande vatn blir til einelåg som vart nytta til å gjere rein all reiskap som hadde med stell av mjølk å gjere. Framleis er einelåg viktig når ein skal brygge øl. Dessutan fekk kvinnene blankt hår når dei skolte håret sitt i einelåg. Til helg og høgtid strødde forfedrane våre det nyvaska golvet med opphakka einer for å få god duft.
Drikken Genever har ikkje noko med Genève å gjere, men kjem frå engelske juniper, som tyder einer. Genever er kornbrennevin tilsett einebærolje. Dei blå einebæra blir også brukt som smakstilsetjing i sausar, særleg til mat av vilt.
Eineren kan bli 1000 år gamal og veden er kjend for å vere særs haldbar, vel å merke om du høgg den før våren kjem. Einer blir difor framleis nytta som gjerdestaur. Her i Sunnfjord har du kanskje også sett korleis ein nyttar einer i "stikkegjerde", som til dømes rundt urtehagen ved Sunnfjord museum.
Ofte ser ein beitelandskap med einer, og ikkje  andre tre og buskar. Eineren blir ståande igjen fordi den ikkje blir beita av husdyr. Tidlegare blei einer med buskform rydda unna, mens den rettstamma søyleeineren fekk stå til den var høveleg som gjerdestaur. Forma på eineren varierer med jord og vekstvilkår.
Beitebakkar med einer blir ofte kalla einebakkar eller einehagar.
I dag er dei ein viktig del av landbruket sitt kulturlandskap, det vil seie det landskapet som er påverka av mennesket.

Sunnfjord Museum, Movika, 6800 Førde.
Tlf. +47 57 72 12 20. Fax +47 57 72 12 29.
Kontaktperson: Gunnhild Systad