mosti_skilt2.jpg (8292 bytes)

Ei vandring i natur og kultur

Attende til oversyn


1. POSTVEGEN


mostiminikart01.gif (18860 bytes)

 

mosti04.JPG (17243 bytes)Vegen som går gjennom museumsområdet er ein del av "Den Trondhjemske Postvei" som vart oppretta i slutten av 1780-åra og som gjekk mellom Bergen og Trondheim. Dei første 200 metrane av Mostien følgjer postvegen. Kor vegen går vidare over Mo-garden og til grensa til Jølster, kjenner ein derimot ikkje heilt sikkert.
Bøndene var pålagde å syte for skyss til reisande langs postvegen. Embetsmenn hadde rett til fri skyss, medan andre reisande måtte betale for seg. Slik skyssing vart betre betalt enn det post-bøndene fekk for å føre posten. Om privat skyssing kunne gje god ekstra-inntekt, var det likevel til tider ei belastning. Det passa ofte dårleg i slåtten.
Postvegen er i seg sjølv eit verdfullt kulturminne som det er viktig å ta vare på. Ulike prosjekt har vore gjennomført både for å betre tilgjenget til vegen og å informere om den. Postvegen mellom Førde og Gaular er døme på dette.

Sunnfjord Museum, Movika, 6800 Førde.
Tlf. +47 57 72 12 20. Fax +47 57 72 12 29.
Kontaktperson: Gunnhild Systad