| Vekas kulturglimt: Kulturlandskap |
Under Rundballefestivalen i Fjærland er ordet "Kulturlandskap" meir bokstaveleg enn i mange andre høve. Rundballane i landskapet er brukt som kunstverk, og bygda inviterer til kunstfestival. I år vert festivalen arrangert for tredje gang, og som vanleg er kunstomgrepet breitt på fleire måtar.
Les heile saka 24.08.2010
|
 |
| Vekas kulturglimt: Musikk |
"Musikkredaksjonen" i NRK p2 torsdag 5. august melder om at folkemusikken i Noreg omtrent ikkje har drikkeviser, men at me i større grad har ein tradisjon for "kaffeviser". Eit søk i musikkarkivet i Sogn og Fjordane syner likevel mange opptak av drikkeviser i regionen.
Les heile saka 16.08.2010
|
 |
| Vekas kulturglimt: Biletkunst |
Kor mykje kan me få ut av eit landskapsmåleri? Er det eit augneblinksbilete som beskriv noko på same måte som eit fotografi, eller kan det seie oss noko meir? Bernt Tunold (1877-1946) frå Selje var målar av vestlandslandskap som få andre, og i denne korte artikkelen skal me sjå på kvifor.
Les heile saka 10.08.2010
|
 |
| Vekas kulturglimt: Kulturminne |
I Bremanger kommune ligg Sør-Noregs største samling av helleristningar, som består av over 2000 bilete. Alderen på nokre bileta kan vere heile 6000 år.
Les heile saka 04.08.2010
|
 |
| Førdekonferansen 2010 tilgjengeleg for streaming. |
For alle dei som ikkje var til stades og for dei som ønskjer eit gjenhør av foredraga fins no Førdekonferansen 2010 tilgjengeleg for streaming.
Les heile saka 02.08.2010
|
 |
| Vekas kulturglimt: Musikk |
Sjølv om han ikkje hausta like mykje suksess som sin samtiding Edvard Grieg, fostra òg Sogn og Fjordane ein produktiv komponist rundt førre hundreårskifte. Johannes Haarklou (1847 - 1925) frå Haukedalen i Førde blir kort presentert i vekas kulturglimt.
Les heile saka 28.07.2010
|
 |
| Vekas kulturglimt: Fotografi |
Ein av dei mest kjende fotografane frå Sogn og Fjordane er Oddleiv Apneseth frå Florø. Han har vunne prisar både nasjonalt og internasjonalt, men er òg svært avhalden i sin heimkommune, Jølster.
Les heile saka 06.07.2010
|
 |
| Vekas kulturglimt: Biletkunst |
Ludvig Eikaas (f. 1920) har sitt opphav i Jølster i Sunnfjord. Han var i delar av førre hundreår ein av dei viktigaste biletkunstnarane i Noreg, og har også vore både rektor og professor på Kunstakademiet i Oslo.
Les heile saka 05.07.2010
|
 |
| Kulturnett på Facebook |
Kulturnett Sogn og Fjordane fins no på nettsamfunnet Facebook. Her finn du lenkjer til aktuelle kulturhendingar, kulturhistorie, kulturtips og spanande arkivmateriale.
Les heile saka 02.07.2010
|
 |
| Vekas kulturglimt: Litteratur |
Sigurd Eldegard (1866-1950) vart med oppsetninga av "Fossegrimen" i 1905 den fyrste til å få sett opp ei teaterframsyning på nynorsk på Nationaltheateret. Som både tittelen og årstalet kanskje gjer eit hint om, er nasjonalromantikk stikkord sannsynlegvis både for tema og suksessfaktor.
Les heile saka 28.06.2010
|
 |
| Opning av ny utstilling på kunstmuseet i Sogn og Fjordane |
I kunstsenteret på Førdehuset stilles det i sommar ut produktdesign og klesdesign signert to unge designarar frå Sogn og Fjordane. Opning er torsdag 24. juni kl 18.
Les heile saka 23.06.2010
|
 |
| Kortreist tradisjonsmat og lokale kokkar på Sogn Folkemuseum |
Mat er ein viktig del av den lokale kulturen, og De Heibergske Samlinger tek mattradisjonane på alvor. I fleire somrar har museet hatt middagsservering kvar onsdag.
Les heile saka 14.06.2010
|
 |
| Sogn Folkemuseum: Ny digital bunad |
De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum har i dag lansert nye heimesider. Sidene er på norsk og engelsk, vil såleis gi god informasjon om museet til utanlandske gjester.
Les heile saka 28.05.2010
|
 |
| Sogn Folkemuseum: barnevennleg urtedag med smak av villmark |
På laurdag 11 - 16 er det klart for de årlege Urtedagen på museet. Dei set denne gongen fokus på viltveksande matplanter. Museumsvadringa vil gje ei innføring i hausting og bruk av ville planter til grønsaker, te og krydder. Løvetann finst framleis til sal på grønsaksmarknader i Europa. Vassarv er også etande, men korleis kan ein lage mat av dette? Bli med på museumsvandringa og lær!
Les heile saka 27.05.2010
|
 |
| Fylkesarkivet med foto på Flickr |
Fylkesarkivet er første arkivet i landet med bilete på The Commons på Flickr. Denne allmenninga er tiltenkt offentlege institusjonar som forvaltar historiske samlingar der ei av dei mest kjende er samlinga til amerikanske Library of Congress. The Commons på Flickr gir rom for dialog og samhandling med nettbrukaren og no vonar Fylkesarkivet at dette vil skapa engasjement kring den rike fotoarven frå fylket.
Les heile saka 26.05.2010
|
 |
 |
| Nyhendearkiv |